Eid legekontor vil fjerne eigenbetaling for timebestilling på SMS

Ryddar opp i ulovleg betaling

Bestiller du time via SMS ved Eid legekontor kostar det 12 kr. No vil legekontoret fjerne denne ulovlege betalinga for pasientane.

Betaling ved legekontor har hatt fokus i media den seinare tid, både inkassokrav og pasientutgifter ved timebestilling på SMS. No vil Eid legekontor gjere denne bestillinga gratis, medan fastlege Thomas Vingen Vedeld seier at inkassokrav vil dukke opp ved manglande betaling, på lik linje med andre varer og tenester i samfunnet.   Foto: Inger Træen

Pasientar skal ikkje betale noko anna enn fastsette eigendelar/eigenbetalingar

Helsedirektoratet
Nyhende

Ved Eid legekontor kan du bestille time ved SMS via kontoret sine nettsider. Det kostar seks kroner per motteken melding, og ved timebestilling får pasienten to meldingar. Dette er pengar som ikkje går til legane, men til det firmaet som driftar denne ordninga.