Ønskjer å sjå heile området under eitt

Kjøpte nabotomt

Lunden Handelspark as har kjøpt tomta på Skaffarmarka vest for Vest Auto ved Korsen. Det er Gandhi Eiendom as som har selt tomta for 2.866.920 kroner.

VED KORSEN: Lunden Handelspark AS har nyleg sikra seg arealet som grensar til Vest Auto.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Vi ønskjer å sjå heile området under eitt for å få betre løysingar på sikt. Vi jobbar med interessentar, førebels har vi ikkje noko namn som vi kan gå ut med, seier Bjørn Myklebust. Han er styremedlem i Lunden Handelspark Holding AS, som er største aksjonær i Lunden Handelspark AS.