Statens vegvesen er bekymra for delt sentrum

Fryktar auka trafikk

Statens vegvesen har klaga på vedtak i teknisk- og samfunnsutvalet (TSU) der rammeløyve i samsvar med søknad for forretningsbygg i Lunden handelspark vart godkjent.

HANDELSPARK: Her skal det bli Kiwi-butikk og ei anna stor forretning. Grovplanering er i gang, og planlagt byggestart er ved påsketider. Statens vegvesen peikar på at lokaliseringa kan medføre auka lokaltrafikk med bil internt i sentrumsområdet og at auka gang- og sykkeltrafikk frå bustadområda vil medføre fleire kryssingar av E39/Rv.15 og ein potensielt auka risiko for trafikkuhell.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Statens vegvesen meiner at det å opne for detaljhandel i den grad det er snakk om her må utgreiast ytterlegare i høve trafikk. Dei viser i klagen mellom anna til at det i gjeldande reguleringsplan for Skaffarmarka er det fastsett føresegner for byggeområda forretning/kontor/tenesteyting – F/K/T og område for forretning. Her går det m.a. fram at: «I området kan det førast opp bygningar for forretning for plasskrevjande varer. Det kan etablerast parkering under bakkenivå. Områda skal prioriterast for etablering av større, plasskrevjande serviceverksemder og engroshandel. Området kan nyttast til detaljhandel for varegrupper som er plasskrevjande».