Busspassasjerar må betale

Tre busspassasjerar fekk seg ein smekk for å ikkje ha brukt bilbelte i bussen.

Statens vegvesen utførte bilbeltekontroll på tre bussar.  Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll på riksveg 15 på Lefdal i Eid måndag kveld. Det vart utført bilbeltekontroll på tre bussar med totalt 23 passasjerar. Tre av passasjerane var utan bilbelte og fekk gebyr for forholdet. Kvar av passasjerane måtte ut med 1.500 kroner.

I tillegg vart ein førar meldt for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Tre andre førarar fekk åtvaring for brot på same regelverk. To førarar måtte rydde frontruta vidare køyring. Til saman 17 køyretøy vart kontrollerte under kontrollen på Lefdal.