Buss velta

Ein ekspressbuss frå Nettbuss køyrde utfor vegen og velta i Skjåk i natt.

  Foto: Kjartan Waage/Politiet

Nyhende

Avisa Fjordingen skriv at tre passasjerar er køyrde til sjukehus etter at Nettbuss sin ekspressbuss frå Oslo til Ulsteinvik velta på eit jorde i nærleiken av Skjåk kyrkje i natt.

Per Solberg, operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt, opplyser til Fjordingen at ulukka vart meldt klokka 04.18.

– Det var sterk vind og glatt føre på staden. Bussen har køyrd av rv 15 og ut på eit jorde før han velta. Tre personer er køyrde til Lillehammer sjukehus med kuttskader og nakkesmerter, opplyser Solberg.

Det var 26 passasjerar pluss sjåfør i bussen då han velta.

Sjå også på NRK.

Ni passasjerar til Stryn

Ni passasjerar som var med bussen som sklei av vegen i Skjåk skulle til Stryn. Desse får no debrifing på Bismo, og blir etter det med bussen som skal til Måløy, seier Åge-Christoffer Lundeby, pressesjef i Nettbuss AS til NRK.

Les også på smp.no