Prioritering av spelemidlar 2018

Turistløype-Harpefossen Skisenter ligg øvst på prioriteringslista over ordinære anlegg.

Turistløypa på Harpefossen er er blant dei som er føreslått når prioriteringslista skal diskuterast onsdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag skal oppvekst- og kulturutvalet diskutere prioriteringslista av spelemidlar for 2018. Turistløypa på Harpefossen er føreslått på førsteplassen, før snøproduksjon Turistløypa på Harpefossen, og klubblokale Stigedalshytta på Fellesanlegget Tua.

Når det gjeld nærmiljøanlegget er sandvolleyballbane Sagaparken/Nordøyrane prioritert på førsteplass, før rehabilitering Tarzanløypa Haugen skule og rehabilitering av ballbinge Stårheim skule.

Eid idrettsråd synes prioriteringslista ser bra ut. I ein mail til Eid kommune etterlyser dei atkommunen vedtar retningslinjer for prioritering av spelemiddelsøknadar på lik linke med det fylkeskommunen har.