Maurset igjen samla i ein kommune

12 honndølar vakna opp som stryningar 1. januar.

Maurset er igjen samla i Stryn kommune.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Det er ingen dramatikk i dette, seier naboar på Maurset til Fjordingen.

Det bur totalt 19 innbyggjarar på vesle Maurset der grensa mellom Stryn og Hornindal har vore sidan «skilsmissa» i 1977. 1. januar trådde grensejusteringa i kraft, og Maurset er igjen samla i Stryn kommune – slik grenda var i ein tolvårsperiode frå 1965 til 1977.

Ifølgje Fjordingen uttrykkjer naboane semje om at dette kjennest rett. Det vart gjort ei undersøking, der det var ca. 90 prosent som ønska at Maurset skulle vere ein del av Stryn kommune.

– Dette er noko vi ville, fastslår Magne Maurset som er ein av 12 honndølar som vart stryning 1. januar i år. Og naboane har eit avslappa forhold til grensejusteringa.