Løyver 0,6 millionar til sykkelstativ ved grendaskulane

Regjeringa løyver 0,6 millionar til sykkelparkering ved dei tre kommunale grendaskulane i Eid.

Tre grendaskular i Eid har fått over ein halv million i statleg støtte til sykkelparkering.   Foto: Arkiv: Hjelle skule

Nyhende

Det er Hjelle skule, Haugen skule og Stårheim skule som no vil få 0,6 millionar kroner frå Regjeringa. Pengane skal brukast til å byggje sykkelparkering ved dei tre skulane. Tilskotet utgjer halvparten av den totale kostnaden.

Dette er ei tilskotsordning for å støtte opp om tiltak og prosjekt fylkeskommunane og kommunane har ansvaret for, seier samferdsleminister Jon Georg Dale.

  –Vi ønskjer å legge til rette for at fleire tar beina fatt eller syklar når dei har høve til det. Da skaper vi betre mobilitet og miljø, i tillegg til betring av folkehelsa. Regjeringa må sørge for at infrastrukturen er på plass slik at fleire synes det er både trygt og attraktivt. For 2019 fordeler vi 78,5 millionar kroner for å støtte opp om tiltak og prosjekt fylkeskommunane og kommunane har ansvaret for, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.


Skikkeleg gladmelding

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, seier at desse pengane kan få fleire til å sykle til skulen.


 – Dette er ei skikkeleg gladmelding, og gjer det mulig for oss å tilby skikkeleg sykkelparkering ved alle kommunale skular i Eid i løpet av  2019. Det er viktig for å legge til rette for meir aktivitet i kvardagen og å få fleire til å sykle til skulen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Pengane frå Samferdsledepartementet vil bli nytta til å bygge anlegg for sykkelparkering for ca 250 tilsette og elevar ved Stårheim, Haugen og Hjelle skule.

 – Eid kommune har nettopp bygd ut 190 nye plassar for sykkelparkering ved sentrumsskulane i Eid, Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule. Utbygginga har skjedd i eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane kommune og Eid kommune. Med denne nye løyvinga frå Samferdsledepartementet får vi bygd ut sykkelparkering også på alle kommunale skular i bygdene våre. Dermed får alle skuleborn og tilsette ved kommunale skular i Eid tilbod om trygg sykkelparkering, seier Alfred Bjørlo.  

Løyvinga frå Samferdsledepartementet krev ein kommunal eigendel på 50%, som Eid kommunestyre allereie har vedteke å dekke.

Einaste i Sogn og Fjordane

Eid er den einaste kommunen i Sogn og Fjordane som har fått støtte av denne tilskotsordninga. Til samanlikning har Møre og Romsdal fått 10,4 millionar fordelt på ni ulike prosjekt.

På landsbasis er det 58 ulike tiltak som no får tilskot, og Statens vegvesen har motteke til saman 109 søknader. Tilskotsmidla kan nyttast til mellom anna sykkelfelt, gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, utbetring av kryss og sykkelparkering.

Eit viktig mål med ordninga er å auke fokuset og satsinga på sykling og gåing ute i landets fylkeskommunar og kommunar.

Frå før har Eid kommune fått fylkeskommunale midlar til etablering av sykkelparkering ved Eid ungdomsskule og Nordfjordeid skule.