Dårleg mobildekning i Selje

I møte med Telenor

– Det er viktig å få på plass betre mobildekning i Selje, fastslår ordførar Stein Robert Osdal.

Telenormøte: Fredag hadde Selje kommune og Telenor møte om mobildekninga i Selje. Her er f.v. Pål Lukashaugen frå Telenor, Selje-ordførar Stein Robert Osdal, Reidar Sandviknes og Hanne Marie Utvær frå Selje kommune.  Foto: Privat

Målet er å ha tilnærma 100 prosent dekning på mobil og fiber i løpet av få år.

Nyhende

Fredag fekk Selje kommune gjennomført eit konstruktivt møte med Telenor om områda i Selje som har dårleg mobildekning.