Vil ha fyrverkeriforbod

Nyhende

Tryg Forsikring ønskjer seg eit totalforbod for oppskyting av fyrverkeri for private på nyttårsaftan. Grunnen er at stadig fleire skadar seg på nyttårsfyrverkeriet, og årleg går verdiar for 50–60 millionar kroner opp i brann.

– Prisen for nyttårsfeiringa er blitt for høg, seier Espen Opedal, sjef for Tryg Forsikring i Noreg i ei pressemelding.

Dei siste åra har det vore mellom 50 og 70 ulykker med personskade etter nyttårsfyrverkeri, ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB.

I tillegg til personskadane kjem dei materielle verdiane som går tapt når fyrverkeri kjem på avvegar.

For nyttårsaftan og 1. januar er det dei siste åtte åra registrert over 1.500 brannskadar på bygningar til ein erstatningsverdi av nær ein halv milliard kroner.

70 prosent av dei spurde i ei NITO-gransking vil forby privat fyrverkeri dersom kommunen arrangerer eit offentleg fyrverkeri.

– Vi meiner dette er vegen å gå. La kommunane arrangere fyrverkeriet, så kan vaksne og barn feire med stjerneskot i handa og eit trygt fyrverkeri på himmelen. Vi unngår at personar blir kvesta for livet, og vi unngår nyttårsbrannar som øydelegg hus og heim, seier Espen Opedal i Tryg Forsikring.

NPK