Karrierebeste for Solheim

Vann storslalåmrenn i Canada

- Eg er veldig godt fornøgd med dagens resultat, som er soleklart  karrierebeste. Det seier Åge Solheim som i dag vart nummer 1 i eit storslalåmrenn i Canada.

Frå dagens premieseremoni. Åge Solheim stod øvst på pallen.  Foto: Privat

Åge Solheim i aksjon under NM i storslalåm på Hafjell i fjor. 

Nyhende

Dagens renn er av typen nor-am, eller nord-amerikansk cup og er klassifisert på linje med europacup, dvs nivået under verdscuprenn.

Solheim hadde startnummer 2 i dagens renn, som er basert på nor-am-poeng, og hadde med det eit godt utgangspunkt. Etter 1. omgang låg han som nummer 4 og var eigentleg ikkje heilt fornøgd med køyringa. Han visste at han hadde meir å gå på. Forma har vore stigande etter ei skadefri og god oppkøyring, og han har lagt eit godt grunnlag for årets rennsesong.

- Eg er veldig godt fornøgd med dagens resultat, som er soleklart  karrierebeste. Eg skal køyre eit nytt renn i morgon, og etter det går det stort sett i eitt med trening og konkurransar. Målet i år er å stabilisere seg i toppen i nor-am-renn både i slalåm og storslalåm. Eg er heilt klart i rute til dette, er veldig motivert og ser lyst på årets sesong, seier Solheim til Fjordabladet.

Åge Solheim bur i Bozeman, Montana, der han studerer økonomi på Montana State University og er ein del av skilaget til skulen.

Flyttar til USA for å bli verdas beste alpinist

Bankar på Europadøra