Loen Skylift

Rekordbesøk - satsar på meir vekst

Gondolbana Loen Skylift går så det susar, men verksemda kviler ikkje på gode tal. Målet er å auka veksten endå meir.

TURISTMAGNET: Hoven-Loen/Loen skylift er blitt ein turistmagnet, som gjev ringverknader for heile regionen.  Foto: Anna Wuttudal

SVIMLANDE VAKKER UTSIKT: Utsikta frå Hoven kan ta pusten frå dei fleste. I Loen i Nordfjord kan du i løpet av få minutt bli frakta frå fjordnivå til på toppen av fjellet Hoven (1011 m.o.h.) for å nyte utsikta, ete eit betre måltid eller vandre på tur innover høgfjellet.  Foto: Anna Wuttudal

OPNAR OPP FOR FJELLTURISME: Innover på høgfjellet er det laga eit nettverk av merka turstiar med ulik vanskegrad. Klatreløypa Via Ferrata endar her oppe, og om vinteren er det lagt til rette for skileik og aking, mellom anna på anleggsvegen som er laga i samband med utbygginga.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Nær 116.000 passasjerar tok bana i fjor. Det er mange fleire gjester enn verksemda hadde rekna med, fortel Fjordingen. 

Verksemda hadde budsjettert med 100.000 passasjerar, men dette målet blei passert allereie i september, fortel avisa.

Trass i godt besøk, besøkstala likevel ikkje like store heile året. Vêret har mykje å seia. I periodar med mykje nedbør blir bana mindre brukt.

– Dei største og viktigaste månadane for Loen Skylift er mai, juni, juli og august. Og til ein viss grad september, dersom vêret held, fortel dagleg leiar Richard Grov.

Satsar på utvida sesong

Verksemda arbeider likevel målretta for å få fleire til å besøkja gondolbana også elles i året.

– Saman med Fjord Noreg, andre reiselivsaktørar og Innovasjon Noreg satsar vi på å styrkja skuldersesongane, seier marknadssjef Ann-Helen Blakset i Loen Skylift til Nynorsk pressekontor.

Det vil seia periodane før og etter høgsesongane. Å få fleire til å bruka Loen Skylift om vinteren er også eit viktig mål.

– Om vinteren tilbyr vi mellom anna aking med lokalproduserte kjelkar, trugeturar med og utan guide og toppturar på ski i samarbeid med lokale guidar, seier Blakset.

Populært med toppturar

Ho fortel at verksemda særleg merkar aukande interesse for toppturar og frikøyring både blant nordmenn og utlendingar. Men det er også aukande etterspurnad etter andre vinteraktivitetar.

– Vi ser ei generell interesse for at folk ønskjer å vera aktive om vinteren også. Responsen i fjor på slike aktivitetar var veldig god, og vi held fram med å utvikla dette vidare, seier Blakset som legg til at det er eit mål for Loen Skylift å få endå fleire til å besøkja gondolbana.

Nybygg til våren

Verksemda er også i gang med eit nybygg på 288 kvadratmeter på takterrassen av det eksisterande bygget på toppen.

– I 2018 hadde vi ein liten kafe på toppen i eit telt. No byggjer vi ein flott, stor kafe, kombinert med butikk i samband med takterrassen.

Desse tilbod kjem i tillegg til restauranten under takterrassen. Målet er at nybygget skal vera ferdig til mai.

NPK