Langrenn

Mange var med på Ullsrennet i dag

Mange hadde møtt opp på Ullsheim i dag for å vere med på skirenn. Dette er gjengen frå Eid IL som deltok.  Foto: Privat

Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid IL vann klasse G15, og Trygve Myrold frå Stårheim IL kom på 3.plass i klasse G15  Foto: Privat

Magnus Skeide Bakke frå Eid IL vart best i si klasse G16.  Foto: Privat

Ronja Haughovd frå Stårheim IL kom på 2.plass i klasse J11.  Foto: Privat

Ada Johanne Borgund frå Eid IL vart nummer 3 i klasse J14.  Foto: Privat

Nyhende

Det var stor deltaking og mange gode resultat på Ullsrennet i dag. Frå Eid var det mange langrennsløparar med både frå Eid og Stårheim.

Ingebrigt Nes Hjelle frå Eid IL vann klasse G15, og Trygve Myrold frå Stårheim IL kom på 3.plass i klasse G15.  Dei gjekk 5 kilometer.

Magnus Skeide Bakke frå Eid IL vart best i si klasse G16, som gjekk 7,5 kilometer.

Ronja Haughovd frå Stårheim IL kom på 2.plass i klasse J11, som gjekk 2 kilometer.

Ada Johanne Borgund frå Eid IL vart nummer 3 i klasse J14, som gjekk 3 kilometer.

Esekiel Henden frå Eid IL kom på 3. plass i klasse G13, som gjekk 3 kilometer.