Årskavalkade desember 2018

Kommuneøkonomi, busetting og meir handel

Årets siste månad er tradisjonelt travel for dei fleste, ikkje minst for politikarane våre. Ein utfordrande budsjettsituasjon i Selje og Eid prega desember i 2018.

Tryggare veg: Fylkesordførar Jenny Følling, flankert av Selje-ordførar Stein Robert Osdal (t.v.) og Svenn Egil Finden, klipper snora under opninga av Strandanipatunnelen på Stadlandet. Foto: Per Ole Lefdalsnes  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Må bidra: Sp, Ap og SV meinte i sitt budsjettframlegg for 2019 at også næringslivet burde bidra med innbetaling av eigedomsskatt. Foto: Anna Wuttudal  Foto: Anna Wuttudal

Utbygging i Lunden: Grunnarbeidet i det som skal bli Lunden Handelspark starta opp i desember. Foto: Anna Wuttudal  Foto: Anna Wuttudal

Diskusjon: Frå venstre: Kjetil Vedrhus (H), Kenneth Brandal (H), Svein Hansen (Frp), Anfinn Sjåstad (Frp), Marita Årvik, Stein Robert Osdal, ordførar KrF, og Gunnar Silden (TVP). Foto: Tormod Flatebø.  Foto: Tormod Flatebø

Kinkig sak: Overtakinga av skulebygget på Bryggja har blitt ei kinkig sak for politikarane. Foto: Anna Wuttudal  Foto: Anna Wuttudal

Har trua: Det blir beinhard jobbing, men rådmann Åslaug Krogsæter har trua på at ting skal gå bra. Foto: Anna Wuttudal  Foto: Anna Wuttudal

Den største gåva: Margretha Navelsaker fekk frisk nyre av dottera Ingrid. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Vegutbetring: Større møteplassar skal gjere det tryggare å ferdast på Torheimvegen. Foto: Anna Wuttudal  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

4. desember: I finansutvalet torsdag 29 november vart det lagt fram to ulike budsjettframlegg der ingen av dei legg opp til auke i eigedomsskatten for bustader. Største skilnaden på dei to forslaga var ja eller nei til innføring av eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring. Venstre, Høgre, Frp og KrF presenterte eit felles budsjettforslag utan eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring i Eid kommune. Sp, Ap og SV la fram eit felles budsjettforslag der det ligg inne innføring av eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring i Eid kommune.

– Eg er alvorleg bekymra. Vi kan ikkje levere dette frå oss til nye Stad kommune som eit konkursbu. Vi må gjere grep som gjer at vi har handlingsrom, sa Sigurd Reksnes (Sp). Som meinte at inntektene måtte aukast i den vanskelege økonomiske situasjonen som Eid kommune no er i, og at næringslivet må bidra ved å betale eigedomsskatt.

– Ei utfordring på 26 millionar kroner er veldig alvorleg, både for innbyggjarane og dei som jobbar i Eid kommune. Det ligg store kutt i oppvekst og kultur og i pleie og omsorg. Vi kan ikkje pakke det inn. Det er beinharde økonomiske realitetar, sa Reksnes.

7. desember: Stad Ap har planen klar for korleis dei skal få Stad-skuta på rett kjøl. I programmet deira for 2019–2023 finn ein godbitar som utbygging av Nordfjordeid skule i Eid og idretts- og kulturhall i noverande Selje kommune. I desse kommunebudsjettider handlar det meste om raude tal og kutt, men i sitt program er Stad Ap offensive og har konkretisert ein del satsingsområde som dei tek sikte på å få gjennomført.


7 desember: Formannskapet i Eid gjekk inn for å imøtekome søknad om lånegaranti og tilskot til nærmiljøanlegg ved Stårheim skule.


7. desember: – Dei nye fylka må styrkast med oppgåver for å bli eit sterkt demokratisk nivå som har legitimitet. Dette er ei viktig kampsak, sa fylkesordførar Jenny Følling i sin tale til fylkestinget før ein gjekk inn i det siste året i denne fylkestingsperioden – som også er det siste året Sogn og Fjordane er eige fylke.


14. desember: Arbeidet med Lunden Handelspark på Skaffarmarka er i gang. Her kjem mellom anna KIWI-butikk. – Vi har signert kontrakt med to leigetakarar og har grunnlag for å setje i gang prosjektet. Det første som skjer er planering av tomta og legging av infrastruktur, opplyste Bjørn Myklebust, styremedlem i Lunden Handelspark Holding AS, som er største aksjonær i Lunden Handelspark AS.


14. desember: Svein Otto Melheim, dagleg leiar i Eid industrihus KF, har sendt klage på igangsetting av Lunden Handelspark. Eid Industrihus eig eit areal som grensar til Lunden Handelspark og som nabo saknar dei ein fullstendig områdeplan med detaljar og snitt på korleis tiltaket skal utformast.


14. desember: Gruppeleiar for Framstegspartiet si gruppe i Selje kommunestyre, Anfinn Sjåstad, var svært godt nøgd med at partiet fekk fleirtal i kommunestyret for å sette ned eigedomsskatten med ein promille. –Vi stoppar ikkje her. Over tid skal eigedomsskatten heilt bort, sa han. Elles vedtok eit samrøystes kommunestyre i Selje budsjett for 2019 og økonomiplan 2019–2022.


14. desember: Kommunestyret i Selje drøfta onsdag 13. desember eit eventuelt kjøp av kommunehuset. Nok ein gong vart saka utsett, Denne gong for å greie ut framtidige behov.


14. desember: Dianne Eikås fekk Eid kommune sin kulturpris for 2018 for sitt engasjement i Trekløveret 4H. Camilla Ervik blir tildelt Ungdommens kulturpris i Eid kommune.

Selje kommune sin kulturpris blir tildelt Per Stave, for hans lange og trufaste teneste for musikklivet på Stadlandet. Stig Ødegård vart tildelt Selje kommune sin Idrettspris, for sitt virke i Flatraket Idrettslag.


18. desember: Kommunestyret i Eid vedtok budsjett og økonomiplan i tråd med formannskapet si tilråding, som tidlegare omtalt i Fjordabladet. Fleirtalet V/H/Frp/KrF stod bak og stemde for det som vart vedteke. Sp/Ap/SV sitt framlegg, som mellom anna inneheldt innføring av eigedomsskatt på verk, bruk og anna næring, vart nedstemt. Vedtaket om å halde eigedomsskatten for bustadar på dagens nivå, 3 promille, vart samrøystes vedteke.


18. desember: Rådmann Åslaug Krogsæter understreka i budsjettdebatten at kommunen slett ikkje er bankerott. – Det blir beinhard jobbing, men eg har tru på at det skal gå bra, sa rådmann Krogsæter.

18. desember: Statens vegvesen skal utbetre nokre av dei eksisterande møteplassane på fv. 662 Torheimvegen. Det er i alt sju møteplassar som skal utbetrast på strekninga frå Taklo til Sørland, og også snuplassen på enden på Torheim skal bli romslegare. Alt arbeid skal vere ferdig til 10. mai.


18. desember: Statens vegvesen skal utbetre nokre av dei eksisterande møteplassane på fv. 662 Torheimvegen. Det er i alt sju møteplassar som skal utbetrast på strekninga frå Taklo til Sørland, og også snuplassen på enden på Torheim skal bli romslegare. Alt arbeid skal vere ferdig til 10. mai.


21. desember: Flagga gjekk til topps, bygdefolket møtte mannjamt fram, og Stadhavet låg der nesten utan ei krusing. Med lett skydekke og eit par varmegrader var ramma rundt opninga av Strandanipatunellen perfekt. Fylkesordførar Jenny Følling gledde seg stort over å kunne gje tidenes julegåve til Honningsvåg, og det i verdas finaste kulissar, som ho uttrykte det. Ho uttrykte stor forståing for dei problema folk har hatt med å passere den ekstremt rasfarlege Kleiva.


21. desember: Det har aldri vore noko alternativ for meg å ikkje stille opp for mor, sa Ingrid Navelsaker som gav si nyresjuke mor, Margreta Navelsaker, ei av nyrene sine.


21. desember: Det er kaotiske tilstandar rundt Nordfjordeid skule på morgon og ettermiddag, når mange elevar vert køyrde til eller henta frå skulen, samtidig som mange skal med bussen. Rektor Anne-Grete Eikås er bekymra for sikkerheita til elevane sine.


27. desember: Det meiningslause skjedde då to kvinner omkom etter at dei vart påkøyrde på ein gangveg i Kjølsdalen.

– Det er meiningslaust når noko slikt skjer. Ei hending som sjeldan inntreff, men som dessverre blei røyndom denne romjula, sa prost Rolf Schanke Eikum.


28. desember: Leikny Mork og Reidar Holmøy framhevar gjerne kvalitetane ved å bu i Holmøyane. Det er kort veg til Grodås og Stryn og ikkje minst til kommunesenteret Nordfjordeid med handel og kultur.


28. desember: Amfi Nordfjord opplevde ein svært god julehandel. Siste veka før jul handla vi for 16,5 millionar kroner på kjøpesenteret på Nordfjordeid. Også butikkane i Eidsgata opplevde ein god julehandel.