10.plass i NM for Bendik

I helga er det NM i skiskyting i Ål på Liatoppen skisenter der fleire lokale skitalent er med.

Bendik Vereide frå Stårheim IL.  Foto: Nordfjord Team Skiskyting

Nyhende

I går på 10 km fellesstart kom Bendik Vereide frå Stårheim IL/Stryn vgs på 10. plass i klasse Menn 17 år. Ask Haughovd Stårheim IL/Stryn vgs deltok i same klasse og vart nr 41.

Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL kom på 5. plass i klasse Menn 19 år på 10 km fellesstart.

Oselie Henden frå Eid IL –skiskyting vart nummer 17 i klasse Kvinner 17 år på 7,5 km fellesstarten i går. Ingrid Heggen frå Stårheim IL kom på 22. plass i same klasse.

På sprinten i dag kom Ingrid Heggen på 16. plass og Oselie Henden på 17. plass.

Bendik Vereide kom på 18. plass på sprinten i dag i klasse Menn 17 år medan Ask Haughovd kom på ein 57. plass.