Stad skipstunnel skal utgreiast igjen

No skal Stad skipstunnel greiast ut for 21. gong. Kystverket har fått i oppdrag å rekne ut på nytt kva utbygginga vil koste.
Nyhende

Tretti år med utgreiingar har allereie gitt 20 rapportar, fortel NRK. Men rett før jul bestilte Samferdsledepartementet utgreiingsrunde nummer 21. Den skal vere ferdig 15. juni i år. Årsaka er at ulike rapportar har ulik pris på tunnelen.

– Det kan virke som ein parodi. Det er vel ingen samferdsleprosjekt i Noreg som har hatt så mange utgreiingar, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF) i ein kommentar til NRK.

Målet med skipstunnelen er at skipstrafikken skal unngå det farefulle havstrekket forbi Stad. Tunnelen kan bli 1.700 meter lang. Prisen var meint å bli 2,7 milliardar kroner.

Men etter mange rundar og mange rapportar med ulike svar har prisen blitt 3,7 milliardar kroner i siste rapport.

I oppdragsbrevet til Kystverket er Samferdsledepartementet bekymra for dei auka kostnadane.

– Rapporten viser vesentleg lågare samfunnsnytte enn prosjektet opphavleg hadde, men for fleirtalspartia er likevel Stad skipstunnel eit viktig prosjekt. Den er viktig for skipstrafikk og det regionale næringslivet, seier statssekretær Tommy Skjervold (Frp) til NRK.