Nedgang i fødselstala

864 barn vart fødd i Helse Førde i 2018.

I 2018 vart 864 barn fødd ved Helse Førde, noko som er ein nedgang frå 2017.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det er ein nedgang på 73 barn samanlikna med året før. I toppåret 2017 var fødselstalet 937. I år var Helse Førde nøre å få eit nyttårsbarn av nasjonalt format, i og med at den siste babyen i 2018 kom berre få minutt før midnatt nyttårsaftan. Fødselen vart notert klokka 23.55. Dermed vart det den neste babyen som kan kalle seg nyttårsbarnet 2018 i Helse Førde. Han kom til verda klokka 02.06 tysdag 1. januar 2019.