To nordfjordingar med i riksdekkande dokumentarserie

Eit innblikk bak kamera

I TV2 sin nye serie «Korrespondentene» kan ein følgje arbeidsdagen til blant anna eidaren Geir Johnny Huneide i nokre av dei farlegaste og utfordrande stadane i verda.

Med bak kamera: I serien «Korrespondentene» kastar eidaren Geir Johnny Huneide (t.v.) og Øystein Bogen (t.h.) seg på første fly til Italia etter eit jordskjelv.   Foto: TV2/Eivind Senneset

Nyhende

Utanriksreporterar reiser til land i krig, svolt og katastrofar for å dokumentere det som skjer rundt om i verda. Dei jobbar med å formidle dei mange historiene på best mogleg måte. I TV2 sin nye dokumentarserie «Korrespondentene» kan ein følgje nokre av dei som kastar seg på første fly for å formidle utanriksnyhende anten det er kampen mot IS i Irak, jordskjelv i Italia eller krigen i Jemen. Geir Johnny Huneide, frå Nordfjordeid, er fotograf i TV2 og er blant dei som er med i serien som går på riksdekkande TV frå 7. januar. I serien får sjåarane vere med då Huneide og reporter Øystein Bogen må kaste seg på første fly til Italia der over 300 mista livet i eit jordskjelv.