Ei fullsett Kjølsdalen kyrkje tok farvel

Ei meir enn fullsett Kjølsdalen kyrkje tok fredag avskil med Anne Elise Sæthre og Marit Johanne Røed Sundal.

Siste farvel: Ei heil bygd tok fredag farvel med Anne Elise Sæthre og Marit Johanne Røed Sundal som omkom i den tragiske trafikkulukka i Kjølsdalen den 27. desember.   Foto: Tormod Flatebø

Blomsterpynta kyrkje: Kjølsdalen kyrkje var pynta med blomar.   Foto: Privat

Nyhende

Ei tragisk og vond ulukke har hendt. To venninner på kveldstur på gangvegen langs hovudvegen. Ein bil skjener over og treff dei begge med døden til følgje. Difor er vi samla her for å ta avskil med Anne Elise Sæthre og Marit Johanne Røed Sundal. Saman vil vi overgje dei i Guds hender og følgje dei til den siste jordiske kvilestaden, sa prost Rolf Schanke Eikum som foretta ved gravferda.

Fjordabladet var ikkje tilstades inne i kyrkja, men avisa har fått løyve hjå prosten til å gjengi det han sa.

«Det folket som går i mørkret, skal sjå eit stort lys, over dei som bur i dødskuggelandet skal lyset stråla. Slik lydde ein av tekstane på julaftan, frå Jesajaboka. På ny er vi blitt minna om at vi bur i dødskuggelandet, landet der døden kastar mørke skuggar innover oss. Torsdag 3.juledag vart julegleda vendt til sorg og fortviling. Ulukka har prega oss desse dagane. Det heile verkar så tilfeldig, så meiningslaust. Og ulukker er ofte tilfeldige, meiningslause og råkar uskyldige. Det vere seg lyntoget på Storebeltbrua i Danmark der ei trailerkasse losna frå det motgåande godstoget akkurat då dei passerte kvarandre og traff eine passasjervogna. 8 døde. Eller ein gasseksplosjon i ei bustadblokk i Russland som rasa saman. Minst 36 døde, fleire endå sakna. Eller ein tsunamibølge i Indonesia rett før jul som drap fleire hundre som tilfeldigvis var på strandkonsert og på stranda. Eller to venninner på gåtur, akkurat der bilen skjener over i gangvegen. Med rette kan ein seie at dei alle var på feil stad til feil tid. Slik er det med ulukker.

Og så kan vi kome med våre spørsmål. Og vi finn ikkje alltid svar. Det eg kan seie er at det er ingen dekning i Bibelen for at vi som kristne er garanterte og vaksinerte mot motgang, ulukker, sjukdom og død. Vi er underlagt dei same lover. Vi er ikkje marionettar, tråddokker, som Gud sit og dreg trådane i og på den måten styrer vår gang. Men vi har bibelsk dekning for å seie at Gud vil vere med midt i det vonde som skjer. Jula fortel oss at Gud kjem heilt nær i Jesus Kristus, som Verdens lys, det lys som kan lyse opp i mørkret og gje håp – også i dødskuggelandet! For Lyset er sterkare enn mørkret!

På den kortaste og mørkaste dagen, 21. des., var vi samla til skulegudsteneste før jul her i Kjølsdalen kyrkje. Eg hadde fått med elvar som dramatiserte det som skjedde i ei anna gudstenste, ei kveldsgudsteneste i ein fattig bydel i Rio de Janeiro i Brasil. Ein del deltakarar kom inn med tente lys som dei bar fram i koret og stilte seg opp.

Ein fattig og herja gut kom fram og spurde: Kva representerer lyset ditt? Glede. Eg veit ikkje kva glede er, svara guten. Eg har berre opplevd å bli mobba, jaga, piska, og kjent på sorg og sakn. Så blåste han ut lyset. Ein ungdom kom fram og spurde: Kva står lyset ditt for? Tillit. Ungdomen fortalde då om svik, lureri, baktaling og mistillit - og blåste ut lyset.

Eit lys var tent for foreldrekjærleik. Eit foreldrelaust barn kom fram - og blåste ut det lyset.

Slik forsatte det til det berre var eitt lys att. Skulle det lyset og verte blåst ut, ville det bli heilt mørkt i kyrkja. Kven er du? vart det ropt. Håpet, lydde svaret. Då vart det stille, ingen ville gjere slutt på håpet. I staden vart dei andre lysa- dei som vart sløkte- halde bort til dette eine brennande lyset: Gjennom håpet fekk både gleda, tillita og foreldrekjærleiken ny flamme og nytt liv!

Jula vil formidle håp. Håp om at lyset er sterkare enn mørkret. Det folket som ferdast i mørkret skal sjå eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggelandet skal lyset stråla. For eit barn er oss fødd, ein Son er oss gjeven. Evig Far, Fredsfyrste, står det vidare i Jesaiaboka

Kva håp har vi her vi er samla med to kister imellom oss? Det kristne Håpet om at vi har eit liv etter døden. Døden er ikkje eit punktum, men eit kolon: noko kjem etter! Ja, eit håp om at Han som tok imot oss i dåpen også held oss fast gjennom dødsskuggens dal og fører oss fram til Farshuset med dei mange rom. Der det er plass nok til oss alle! Slik vi song det i siste verset av Ein fin liten blome:

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong

I morgonen æveleg klår,

Og blanda med heilage englar min song

I himlen, dit døden ei når.

Då Anne og Marit – og vi vart døypte- så vart eit bibelord lese over oss: Det same bibelordet blir sagt etter vi har hatt dei 3 spader jord på kista: Av jord er du komen. Til jord skal du verta. Av jorda skal du atter stå opp! Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til eit levande håp, ved J. Kr. oppstode frå dei døde. Då er ringen slutta, frå dåpen til grava. Både Jula og påska fortel om dette håpet. Fint og biletleg formulert i den songen som de har valt, der Jesus er denne rosa som håpet er knytt til:

Guds rosa ljuvleg angar

Og skin i jordlivs natt.

Når hennar ljos oss fangar,

Ho vert vår beste skatt.

Me syng i englelag:

No er det fødd ein Frelsar,

Og natti vart til dag.

Difor: Ta vare på kvarandre og håpet!»