– Viser at området er ustabilt

Jordskred i Skredestranda.   Foto: Jan Tore Sunde/Politiet

Nyhende

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er bekymra etter jordskredet i Skredestranda som gjekk nyttårsaftan. Det var ikkje så stort, men det viser at området ikkje er stabilt. Jordskredet gjekk i same området der det har rasa tidlegare, dvs mellom Skrede og Breisvortunnelen. Skredet var om lag seks meter breitt og ein halv meter høgt. Vegen vart stengt om ettermiddagen nyttårsaftan og opna att om føremiddagen 1. nyttårsdag.

– Dette er Europaveg med stor trafikk. Det er ein del av stamvegnettet med spesielt store krav til framkomelegheit, seier Eid-ordføraren og viser til at det har gått fleire ras i same området dei siste fire- fem åra.

– All vegetasjon er feia vekk og heile området er ustabilt, seier Bjørlo. Han vil ta saka opp i Nordfjordrådet når dei møtest 21. januar.

Lars Karlsen i Statens vegvesen opplyser at jordskredet nyttårsaftan kom saman med elva. Statens vegvesen har etter det han kjenner til ingen konkrete planar om sikringstiltak, men dei er no meir observante når det er meldt store nedbørsmengder, dei følgjer ekstra opp denne strekninga og vurderer kontinuerleg om det er stor fare for nye skred.

Bjørlo har teke til orde for at det må byggast tunnel for å sikre vegstrekninga.

Tunnel er einaste løysing

Folk frå vegvesenet har vore til stades i Nordfjordrådet og orienterte om alternative rimelegare tiltak som kan setjast i verk.





Skredestranda

Geolog kjem i morgon

Oppfatta ikkje situasjonen som dramatisk

Tok innspela på alvor