Åtte fekk åtvaringar

Åtte førarar fekk årvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglementet under ein kontroll på Kjøs torsdag kveld.

27 køyretøy vart kontrollert av Statens vegvesen på Kjøs torsdag kveld.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det var Statens vegvesen som hadde kontrollen på Kjøs, der 37 køyretøy var inne på kontrollplassen - 27 av dei vart kontrollerte.

Her fekk åtte førarar åtvaring for brot på køyre- og kviletidsreglementet. To førarar måtte rydde i frontruta.

Det viste seg også at eit vogntog var for langt og måtte kortast inn. Eit køyretøy hadde ein bakmontert truck som ikkje tilfredsstilte krava til underkøyringshinder. Det vart her utferdiga bruksforbod.

Ein annan førar fekk to gebyr for utslitte dekk, medan eit firma fekk 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke på køyretøyet. Ein annan førar fekk gebyr for manglande vognkort på køyretøyet.