Stor snøskredfare i morgon

Nyttårsaftan gjekk det eit lite jordskred i Skredestranda.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I morgon, fredag, er det meldt om ekstremt stor snøskredfare i Indre Fjordane. Det vert frårådd å ferdast i skredterreng og det vert åtvara om at skred kan treffe skredutsette veger og busetnad.

Det er også venta at det vil vere moderat fare for jordskred i Trøndelag og deler av Vestlandet, men her er det lågare farenivå enn for snøskred.

Frå natt til fredag til seint fredag kveld er det venta lokalt mykje nedbør i Møre og Romsdal og i Nordfjord. Det vil seie at det kan kome 50-70 mm i løpet av 24 timer. Det er venta at nedbøren vil kome som regn opp til om lag 1500 meter.