Navelsakervegen

Stengt for tungtrafikk

Navelsakervegen mellom Indre Furefjerdingen og Navelsaker vert vert stengt for tungtrafikk som følgje av steinraset i romjula. På grunn av rasfare blir vegen heilt stengt i kveld.

  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Trafikkmeldingssentralen melder at fylkesveg 664 Navelsakervegen vert stengt i kveld klokka 22.00 på grunn av fare for ras. Ny vurdering vert gjort laurdag 5. januar klokka 10.00.

Det har i dag vore gjort vurderingar av geolog i samband med steinraset som gjekk i romjula.  Lars Karlsen i Statens vegvesen opplyste tidlegare i dag til Fjordabladet om at dei ikkje kom opp med helikopter for å gjennomføre synfaring. Men dei har brukt drone og har fått gode bilde som geologen var i ferd med å vurdere.

Oppdatering:

Statens vegvesen har no sendt ut ei pressemelding der det går fram at dei stengjer fylkesveg 664 for tungtrafikk, og at det blir dagleg vurdering av rasfare.

Bakgrunnen er at det andre juledag gjekk eit steinras over fylkesveg 664 i Eid kommune. Store steinblokker gjorde mellom anna skade på muren på nedsida av vegen. Vegen er einaste tilkomst til grenda Navelsaker.

No har geologar frå Statens vegvesen vore på staden for å undersøka tilstanden til vegen. Dei har òg sjekka muren og fjellsida med drone. Det er bestemt at vegen skal haldast open for trafikk, men at rasfaren på staden skal vurderast dagleg framover.

Ikkje tillate for tunge køyretøy

- Skadane på muren under vegen gjer at me vurderer det som usikkert å køyra der med tunge køyretøy, fortel Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift og vedlikehald i Fjordane.

Etter undersøkingane i dag er det difor bestemt at grensa for maksimum totalvekt tillate på denne vegen skal setjast ned til 9 tonn. Dette betyr mellom anna at store bussar ikkje vil kunne køyre på vegen, men t.d. personbilar og minibussar vil kunne passere.

Reinsk neste veke, so mellombels sikring

Karlsen opplyser at eit reinskelag er bestilt, og vil bli sendt inn for å reinske og sikra fjellsida over vegen i neste veke.

- Når fjellsida er reinska vil me prøve å sikre muren mellombels. Etter det lyt me vurdera på nytt om det er mogleg å setja opp att maksimumsgrensa for totalvekt, men det er lite truleg at me kan setja denne opp att til 50 tonn med det fyrste.

Permanent sikring av muren vil bli utført til våren.


 

Rassikring av Navelsakervegen

Står på 3. plass på marginallista

 

Navelsakerstranda

Geolog kjem i morgon