Bilføraren avhøyrt

Erkjenner ikkje straffeskuld

Politiet har i dag, onsdag 2. januar,  gjennomført avhøyr av den sikta bilføraren etter trafikkulykka i Kjølsdalen i Eid 27. desember, der to kvinner omkom. Den sikta møtte saman med sin forsvarer Oscar Ihlebæk.

Det var på gangvegen bak bommen dødsulukka skjedde.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det melder politiet i ei pressemeldning.

Sikta har gitt ei forklaring til politiet og han erkjenner ikkje straffeskuld for forholdet som han er sikta for. Politiet melder i ei pressemelding at det kan bli aktuelt med fleire avhøyr av den sikta bilføraren.

I pressemeldinga seier Politiet at dei ser seg ferdig med avhøyr av vitna som kom til staden rett etter ulykka. For politiet er det ikkje kjent at det var vitne til sjølve hendinga.

Politiet venter på svar frå dei prøvene som er tatt av sikta.

–Vi har heller ikkje mottatt rapportar frå dei tekniske undersøkingane som er gjort, seier politiet i pressemeldinga og opplyser samstundes at dei i dag ikkje ønskjer å gje ytterligare opplysningar på kva som kom fram i avhøyret.

Det er oppnemnt bistandsadvokatar til dei etterlatne til begge dei omkomne.  Det er advokat Paul Inge Angelshaug og advokat Ann Mari Bjørlo.




Dødsulukka i Kjølsdalen:

Politiet frigjev namn på dei omkomne





Samla bygdefolket etter tragisk dødsulukke i Kjølsdalen

–Mange treng støtte no