Vindkast på 54,6 meter per sekund

Det bles aller mest på Trolldalsegga i Eid

Nyhende

Twittermeteorologane på Yr.no har lagt ut info frå målestasjonen på Trolldalsegga ved Sagtennene som viser at Eid har fått ein Norgesrekord i år. Enn så lenge.

Det var nemleg der det bles aller mest 1. nyttårsdag.

«Hvor blåste det aller mest i går? Det var på Trolldalsegga (1020 moh) ved Nordfjordeid i #SognOgFjordane! Der målte vi vindkast på 54,6 meter per sekund i går ettermiddag» skriv meteorologane på yr.no.

– Dette er ikkje så ofte her på sendaren! På Kråkeneset er det "berre" liten storm, melder ein av våre lesarar, som har tipsa Fjordabladet om saka.