Må tappe ut mjølka

Ein mjølkebonde på Navelsaker må tappe ut mjølka si fordi vegen ikkje har blitt godt reparert etter steinras førre veke.

Helge Navelsaker har i snart ei veke tappa ut førsteklasses fersk mjølk. Navelsaker produserer kvar dag kring 350 liter mjølk. Tankbilen hentar vanlegvis kvar tredje dag.  Foto: Privat

Nyhende

 

Førre veke gjekk det eit steinras på fylkesveg 664, om lag to kilometer vest for Navelsaker. Det knuste delar av vegbanen.