Blir felles gravferd

Fredag blir det felles gravferd i Kjølsdalen kyrkje for dei omkomne Anne Elise Sæthre og Marit Johanne Røed. Det er etter ønskje frå begge familiane.

Mange har tent lys og lagt blomster ved staden der ulukka inntraff. No skal dei to veninnene, som gjekk på vegen, gravleggast med ei felles gravferd på fredag 4. januar.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Prost Rolf Schanke Eikum seier at den felles gravferda blir etter ønskje frå dei pårørande, og at det er han som skal vere prest denne dagen, fredag 4. januar.

  –Midt oppe i det meiningslause kan dette likevel bli ei fin gravferd for dei to veninne som gjekk tur saman då ulukka inntraff, seier Schanke Eikum som opplyser at han og sokneprest i Kjølsdalen, Kari Leine Balog, har hatt fleire samtalar med nære pårørande og andre som kom tett på ulukka.

  –Det er meiningslaust når noko slikt skjer. Ei hending som sjeldan inntreff, men som dessverre blei røyndom denne romjula. At ein bil køyrer opp på ein gangveg, og til og med køyrer ned to gåande, seier Schanke Eikum som skal halde gravferda åleine denne dagen.

 –På grunn av at Kari Leine Balog skal ha gravferd i Vågsøy same dagen, blir ho ikkje til stades i Kjølsdalen, seier prosten.

Etter gravferda blir det felles samling i grendahuset i Kjølsdalen.

Schanke Eikum seier at det er sjeldan med felles gravferd for to menneske som ikkje er i slekt.

   –Kjølsdalen var det også felles gravferd for nokre år sidan. Det var ei gravferd for tre, og skjedde også etter ei bilulukke, då tre menneske omkom etter samanstøyt inne i ein tunnel.