Vil få fleire svar i dag

Politiet vil i dag gjennomføre avhøyr, mellom anna av bilføraren, etter dødsulukka i Kjølsdalen i går kveld.

Riksveg 15 var stengd i fleire timar i Kjølsdalen i natt, medan politiet, kriminalteknikarar og Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon gjorde sine undersøkingar.   Foto: Inger Træen

Nyhende

I dag vil politiet bruke tida på fleire avhøyr, mellom anna av bilføraren, etter den tragiske ulukka i Kjølsdalen i går kveld. Avhøyra pågår no, og regionlensmann Hvattum seier til NRK Sogn og Fjordane at føren er sikta. Kva siktinga går ut på blir klart i løpet av dagen.

Det var i går kveld klokka 20:21 at politiet fekk melding om ei trafikkulukke på riksveg 15 i Kjølsdalen. Der to kvinner omkom etter å ha blitt påkøyrd på gangvegen. I følgje NRK og andre media var ei kvinne i 50-åra, og ei i 60-åra, heimehøyrande i Kjølsdalen.

Sjåføren er i 50-åra og frå Gloppen. Bilen kom frå vest på veg mot Nordfjordeid, og køyrde opp på gangvegen mot Kjølsdalen då den traff dei to kvinnene. Ingen var direkte vitne til ulukka, men mange kom raskt til, både naboar og forbipasserande.

Vegen var stengd i fleire timar i natt medan politiet, kriminalteknikarar og Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon gjorde sine undersøkingar.