Samla bygdefolket etter tragisk dødsulukke i Kjølsdalen

–Mange treng støtte no

–Det viktigaste framover er å ta vare på dei som er berørt av den triste og tragiske hendinga i Kjølsdalen, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Ordførar Alfred Bjørlo seier at ulukka i Kjølsdalen pregar ei heil bygd. I går kveld samla kommunen sitt kriseteam berørte av ulukka på skulen i bygda.   Foto: Inger Træen

I går kveld samlast bygdefolket seg på skulen. I ettermiddag blir det samling i kyrkja i bygda.  

Nyhende

Etter trafikkkulukka med to døde i Kjølsdalen i går kveld, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, at det viktigaste er å ta vare på pårørande, venner, naboar og bygdefolket i Kjølsdalen.

–Det er mange som er berørt av denne ulukka. Sjølvsagt først og fremst dei nære pårørande, som får hjelp frå psykososialt helseteam i Eid kommune, seier Bjørlo som også viser til mange andre som kom denne ulukka i Kjølsdalen svært nær.

Hjelpte til

Etter at naudetatane forstod omfangen av dødsulukka i Kjølsdalen i går, der to kvinner omkom, blei kriseteamet i Eid kommune straks varsla. Saman med psykososialt helseteam reiste dei ut til bygda, der dei fekk bruke skulen som base.

–Vi opplevde at bygdefolket kom til og støtta opp om arbeidet. Dei var også først på staden, før naudetatane kom fram. Eg vil gjerne understreke at folket i Kjølsdalen gjorde ein viktig innsats rundt denne ulukka. Det gjeld både dei som stilte opp som vakter, og ikkje minst Kjølsdalen sanitetsforening som tok seg av mat og forpleining på skulen. Men også dei som kom først til staden og prøvde å redde liv. På mange i Kjølsdalen har denne ulukka sett sine spor, og det er viktig at vi no er til stades og hjelper til der det trengst, seier Bjørlo.

Samlast på skulen

Etter ulukka var rundt 25 menneske samla på skulen i Kjølsdalen. Der var kommunen sitt kriseteamet til stades, psykososialt helseteam og prest.

–Det var viktig å vere samla for å dele tankar rundt det som skjedde, seier Bjørlo som omtalar ulukka som trist og tragisk.


Opa kyrkje i ettermiddag

I ettermiddag vil kyrkjelyden i Kjølsdalen samle alle som vil, til ei samlingsstund i kyrkja. Det er ope for alle.