To personar døde i trafikkulukke

To kvinner døde etter påkøyrsle i Kjølsdalen i kveld. Dei to var på gangvegen då ein bil køyrde på dei.
Nyhende

Kl 2021 mottok politiet melding om trafikkulukke på rv 15  i Kjølsdalen mellom Nordfjordeid og Måløy.


Ein bil har køyrd ut av vegbana og opp på ein gangveg som går ved vegen. To kvinner er påkøyrd av bilen. Begge er erklært døde av lege på staden.


Politiet meiner å vite identiteten på dei to og jobbar med å varsle dei pårørande.


Førar av bil er lettere skadd. Han blir tatt hand om av helse. Han blir rutinemessig sjekka for påvirkning. Det blir vurdert om han er i stand til å la seg avhøyre i kveld.


Politiets kriminalteknikarar og ulukkesgruppa til vegvesenet vil foreta undersøkelsar på staden i kveld.