Kjempekamp av G16

Kampen mellom Eid og Gloppen enda 26-26 etter ein intens kamp.

Det var ein spennande kamp mellom Eid og Gloppen.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Etter berre 2,22 minutt så hadde eidagutane G16 putta inn fire mål, og leia mot Gloppen då det var kamp i Eid Idrettshus laurdag. Kampen enda likevel 26–26 etter ein intens og svært spennande kamp.

– Vi har aldri før hatt så god start. Gloppen kom i ubeseira, og møtte motstand. Gutane våre gjorde ein kjempeinnsats, og det dei presterte var utruleg sterkt av dei. Vi kunne eigentleg tatt dei, fastslår trenar Leiv Johnny Endal.