To bilar avskilta – utan forsikring og ikkje omregistrert

I dag blei to køyretøy avskilta under kontroll i Stryn. Den eine køyrde utan forsikring, den andre hadde ikkje ordna med omregistering.
Nyhende

Det var Statens vegvesen som i dag hadde kontroll i Stryn. Der også eit køyretøy fekk bruksforbod fordi alle bremselys var defekte.

Tre fekk gebyr for å ikkje ha medbrakt dokument. Og ein førar fekk gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.

I alt blei 41 køyretøy kontrollerte.