Korleis skal Nordfjordeid utvikle seg

Nye Nordfjordeid

Det politiske Eid er no i ferd med å bestemme korleis Nordfjordeid sentrum skal utvikle seg med tanke på plassering av handelsverksemder.

AVGRENSING: Framlegg om sentrumsavgrensing som dette kartet viser, skal no ligge ute til høyring i seks veker, og alle som har meiningar om kvar grensene bør gå, har høve til å gje uttrykk for det.  Foto: Eid kommune/Nordplan

Nyhende

Formannskapet i Eid hadde sak om sentrumsavgrensing til behandling torsdag. Forslaget som no vert lagt ut på høyring er i tråd med det som fleirtalet i dei andre politiske utvala har gått inn for, at også Leirongane og Eid Næringspark er med.