Listetoppane gler seg til valkampen

Lovar skuleutbygging og kombihall

Stad Ap har planen klar for korleis dei skal få Stad-skuta på rett kjøl. I programmet deira for 2019–2023 finn ein godbitar som utbygging av Nordfjordeid skule i Eid og idretts- og kulturhall i noverande Selje kommune.

STØ KURS: Toppkandidatane i Stad Arbeidarparti, Siri Sandvik og Jan Vidar Smenes styrer med høge ambisjonar inn i Stad kommune. – Det er ei heilt ny verd som opnar seg, seier ei begeistra Siri Sandvik og viser mellom anna til det marine og maritime som Selje bidreg med.  Foto: Anna Wuttudal

Det er på Nordfjordeid den største folketalsveksten er.

Nyhende

I desse kommunebudsjettider handlar det meste om raude tal og kutt, men i sitt program er Stad Ap offensive og har konkretisert ein del satsingsområde som dei tek sikte på å få gjennomført. Om veljarane gjev dei nok tillit.

Toppkandidat Siri Sandvik og andremann på lista Jan Vidar Smenes peikar på at der er eit innsparingspotensial, ikkje minst innan leiing og administrative funksjonar ved at dei to kommunane slår seg saman.