Krig om kundane

Årets priskrig på julevarer er i gang. Varer som kålrot, surkål, kanel og nonstop har stupt i pris. Daglegvarekjedene sel fleire varer med tap for å lokke kundane til butikkane deira.

Illustrasjonsfoto  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Å selje matvarer billegare enn kva dei kostar å produsere kan gjerne kallast uetisk.

Nyhende

Dei siste åra har priskrigen på julevarer vore knallhard. Det har nokre stadar mellom anna ført til kilopris på ribbe for rundt ein tiar.

Ein hån mot norsk matproduksjon, meiner stiftinga Matmerk. Dei har heilt rett.