Orienterte Nordfjordrådet om status for «Prehospital plan»

Ingen ambulansekutt i 2019

– Omsyn til tenesta sine kvalitetskrav, arbeidstidsordningar for dei tilsette og den teknologiske utviklinga, og å sjå fylket under eitt, skal vere sentrale føringar for korleis dei endelege prehospitale tenestene skal modellerast i Sogn og Fjordane.

Prehospital plan: Måndag orienterte Tom Guldhav, klinikkdirektør fot kirurgisk klinikk i Helse Førde, Nordfjordrådet om helseføretaket sitt arbeid med prehospital plan. I orienteringa opplyste klinikkdirektøren at det ikkje vert ambulansekutt i 2019. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, då han sist måndag orienterte ordførarar og rådmenn i Nordfjord om arbeidet med Helse Førde sin prehospitale plan (ambulanseplan).

Sjå heile fylket

Samstundes kunne klinikkdirektøren stadfeste at det ikkje ville bli aktuelt å ta bort ambulansar, eller gjere endringar i struktur i 2019, eller i den perioden prosessen med ny prehospital plan var under arbeid.