Stad Frp etablert

Anfinn Sjåstad føreslått som listetopp

Per Tore Borgund, Eid, er valt til første leiar i nye Stad Frp.

Samla til eitt lag: Eid og Selje Frp hadde den 20 november møte i Bryggja Grendehus der Stad Frp vart etablert. Her er det nye styret samla i Stad Frp. Frå venstre: Marit R. H. Swensen, Anfinn Sjåstad, Svein Hansen, Torill Skrede, Dagfinn Kvamme, Per Tore Borgund, Arnt-Ove Nilsen, Turid Vassliås Borgund, Lars-Svein Drabløs og Elisabeth Irene Hoel. Foto: privat  Foto: Privat

Nyhende

Dette er klart etter at Selje og Eid Framstegsparti (Frp) hadde fellesmøte i Bryggja Grendehus den 20 november.

Det var ei sentral sak på fellesmøtet. Val av styre for Stad Frp. Som leiar vart valt Per Tore Borgund. Borgund er i dag vara til kommunestyret i Eid, og sit som medlem i utvalet for Teknisk samfunn. Med seg i styret får han Anfinn Sjåstad, Selje, nestleiar, Elisabeth Irene Hoel, Selje, sekretær, Arnt-Ove Nilsen, Selje, studieleiar, Svein Hansen, Selje, medlemsansvarleg, Marit R. H. Swensen, Selje, kasserar. Styremedlemmer: Dagfinn Kvamme, Selje, Lars-Svein Drabløs, Eid, og Aina Otnheim Vårdal, Selje. Varamedlemmer er Turid Vassliås Borgund, Torill Skrede og Kari Knævelsrud, alle Eid.

Ordførarkandidat

Valnemnda i Stad Frp har også hatt sitt første møte, der dei etter møtet føreslår overfor nominasjonsmøtet, som skal avviklast den 20. januar 2019, at Anfinn Sjåstad, Stadlandet, blir Stad Frp sin listetopp og ordførarkandidat. På dei to neste plassane føreslår valnemnda Per Tore Borgund, Eid, og Hogne Bleie, Bryggja.

–Alle kandidatane har lang erfaring frå politikk og næringsliv. Dei tre på toppen av lista vil også få eit ekstra ansvar for gjennomføringa av Stad Frp sin valkamp til det komande kommunevalet, seier Svein Hansen, styremedlem i Stad Frp, som legg til at partilaget ønskjer fleire medlemmer, og fleire som ønskjer å vere kandidatar til kommunestyret i Stad kommune.