Skulebuss av vegen

Ein skulebuss har sklidd ut av vegen i Markane i Stryn i føremiddag.
Nyhende

Det var to ungar i bussen, men politiet melder at det var ingen personskade.

Ungane er henta av kjente, og politiet er no på staden. Det er is og glatt på vegen.

Ulykka skal ha skjedd på ein sideveg som er smal og glatt, og bussen har køyrt litt ut i grøfta.