Ny kommune – nytt kjede

Med nye Stad kommune frå 1. januar 2020 er det mykje som blir endra. Også dei to ordførarkjeda til Eid og Selje går ut på dato og må erstattast av eit nytt. Produksjon av ordførarkjede for Stad kommune har ein stipulert kostnad på mellom 100.000 kroner og 200.000 kroner.
Nyhende

Fellesnemnda for Eid og Selje har i dag sak om ordførarkjede på saklista. Rådmannen sitt framlegg til vedtak er at Fellesnemnda gjev nemnda som tidlegare har arbeidd med namn og kommunevåpen i oppdrag å planleggje og gjennomføre arbeid og kjøp av ordførarkjede for Stad kommune. Forslaget til kjede skal leggjast fram til handsaming i fellesnemnda for godkjenning.

Det går fram av saksutgreiinga at prosessen med ordførarkjede vil bli samkøyrt med arbeid knytt til nytt kommunevåpen og at nemnda som  har jobba med dette også vil fungere som referansegruppe i sluttarbeidet med utforming av det endelege kommunevåpenet.

Ordførarkjeder generelt er gjerne sett saman av symbol henta frå kommunen sin historie og som har betydning for innbyggjarane. I arbeidet med utforming av ordførarkjede for Stad kommune må det vurderast kva element frå dei gamle kommunane ein kan forene og ta med seg i utforminga og eventuelt kva nye element det er aktuelt å ta inn.

Nytt kommunevåpen med fjordhest og element frå Sunnivatradisjonen vil vere utgangspunkt for arbeidet.

Det er aktuelt å sjå på om kostnad for produksjon av kjede kan dekkjast gjennom gåvemidlar.