Julekonsert i Totland kyrkje

Søndag blir det julekonsert i Totland kyrkje på Bryggja.
Nyhende

Søndag blir det julekonsert i Totland kyrkje med Vestavind som arrangør.

På plakaten står Bryggja skulekorps, skulekoret, storskulekoret, Vestavind, Tone Hessevik, Ole Erik Falch Stokke, Ytre Nordfjord brass og Helge Totland.

Etter konserten blir det julekafé i grendehuset med kaffi og kaker, åresal, gang rundt juletreet og kanskje kjem nissen.