Chatlet Sport feira 30 år på Eid

I år er det 30 år sidan Chatlet opna sportsbutikk på Nordfjordeid. Dette blei torsdag markert med kaker og kaffi i butikken.

– Det har vore heilt avgjerande for oss å vere i eit butikksenter, seier Gudmund Wie etter over 30 år i sportsbransjen 

Nyhende

Chatlet blei starta på Sandane i 1986, av Mari og Gudmund Wie, Magne Heggheim, Nils og Turid Heggheim.

I 1988 opna dei butikk på Eid, og i 1997 i Førde. I dag har dei opp under tjue årsverk på dei tre butikkane, der Førde er størst med seks på fulltid og ti på deltid.

Butikken på Eid har i dag fire tilsette på fulltid og fem på deltid. Medan Sandane har to på fulltid og tre på deltid.

Då dei starta opp på Sandane i 1986 var det to tilsette.

Eigar og dagleg leiar på Eid, Gudmund Wie, forklarer suksessen med at sportsklede og utstyr får eit stadig utvida bruksområde. Til dømes er det fleire som går i fjellet, og kjøper utstyr til det.