Truleg opning til helga

Mest truleg blir det opning i barnetrekket/skileikområdet på Harpefossen til helga.

Etter november med mildvêr, kom snøen på Harpefossen skisenter også i år. No håpar dei på opning til helga.   Foto: Harpefossen skisenter

Nyhende

Etter snøfall denne veka og produksjon av snø, vil det truleg bli opning i det nedste området på Harpefossen skisenter allereie til helga.

–Denne veka har vi fått bra med natursnø. På tysdag kom det rundt 15 cm, seier driftssjef Jon Balsnes som opplyser at Enerskiheisen, minitrekket og den andre heisen i skileikområdet mest truleg blir opna på laurdag.

I tillegg til natursnø har skisenteret produsert snø i tre, fire døgn. Snøproduksjonen starta opp fredag 23. november, men måtte avsluttast på grunn av varmare vêr. Så var det produksjon igjen frå søndag 25. til tysdag 27. november.

Og neste veke er det meldt kaldare vêr, med temperaturar om natta ned mot minus ti grader.

  –For vi nok kuldegrader no mot neste veke startar produksjonen av snø opp att, seier Balsnes.