Skandinavisk finale i First Lego League 2018

Solid innsats frå Davik

Laurdag var over 650 skandinaviske barn og unge samla for Skandinavisk finale First Lego League. Mellom dei Kometkameratane frå Davik.

Charline van Dissel, Jon Magnus Eide, Johan Bekke-Settem, Mikal Forsberg, Andreas Forsberg, Martin Andre Førde, Ingeborg Hunvik og Debora Imrasaite. FV. f.: Petra-Marie Indredavik Karstensen, Thomas Mettenes, Gabriel Bakke Myrvang, Tomas Kristian Nygård Jonas Sagebø, Terese Sande, Lars Sebastian Slooter og Xyris Cruzi. 

Laget frå Davik har forska på balanse i romskip. Og blei eitt av 49 lag som kom til den skandinaviske finalen som blei arrangert i Equinor sine lokale på Fornebu. foto: arkiv  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Over 650 skandinaviske barn og unge var samla i Equinor sine lokale på Fornebu for å konkurrere i verdas største kunnskaps- og teknologiturnering. Der Kometkameratene frå Davik Oppvekst gav alt og imponerte dommarane.

Eitt av 49 lag

Sidan midten av september har 14 000 barn og unge fordelt på 900 lag jobba for å løyse utfordringar menneske kan møte på når de utforskar verdsrommet. Kometkameratene frå Davik Oppvekst var eitt av de 49 laga som kom gjennom nålauget og representerte Sogn og Fjordane i den skandinaviske finalen.

I den skandinaviske finalen konkurrerte laga om prisar innan forsking, teknologi, robotkøyring, marknadsføring og kjerneverdiar.

Ulike styrkar er suksess

Kometkameratene består av heile 16 realfagsglade elevar på 14 år som kom til den skandinaviske finalen etter å ha vunne tre prisar under den regionale finalen for Sogn og Fjordane. Laget sitt motto er at alle er ulike og har ulike kvalitetar, og de ulike styrkane er nøkkelen til suksess. Til trass for at det ikkje blei topplassering i år hausta laget skryt frå arrangørar og dommarar, og kunne dra heim med hovudet heva etter å ha deltatt i verdas største kunnskaps- og teknologiturnering for barn og unge.

Konkurranseglød

– Kometkameratene frå Davik Oppvekst har imponert oss gjennom heile turneringa, og blitt gode rollemodellar for andre som er interessert i realfag. Dei har lagt ned ein eineståande innsats og inspirert andre medisin sterke konkurranseglød og vilje til å lære noko nytt. Det er desse eigenskapane som kjenneteiknar talent på tvers av idrett, kultur og realfag, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef for Equinor Morgendagens Helter.

Dansk vinnar

Etter finalerundane var det til slutt NXT EV3lution frå Danmark som blei krona til FIRST LEGO League Champions. Laget skal dermed representere Skandinavia i den globale finalen som skal haldast i USA.

Forska på helse

FIRST LEGO League er i Skandinavia eit samarbeid mellom FIRST Scandinavia og Equinors talentprogram Morgendagens Helter. Målet er å auke unge menneske si interesse for teknologi og vitskap.

Balanseproblem

Kometkameratene har forska balanseproblem som oppstår i oppfarten og nedfarten fråverdsrommet. Løysninga dei presenterte for juryen er ein ørekapsel kalla «Statera Custos» som betyr balansevokteren, som de også ser for seg at sjømenn og krystallsjuke kan bruke.