Har gledd seg i eitt år

Fredag og laurdag vart det tradisjon tru arrangert julemesse på Betania bedehus på Eid.

Årets høgdepunkt: For søstrene Margit og Signe Skinlo er julemessa høgdepunktet.   Foto: Olin Maria Yri

På julemessa møter ein folk ein ikkje ser til vanleg

Nyhende

– Vi ser fram til denne julemessa heile året. Det er årets høgdepunkt. Vi tykkjer det er veldig kjekt å treffe mange kjende, seier søstrene Margit og Signe Skinlo frå Stårheim, som hadde teke turen på julemessa på Betania bedehus. Dei har vore med på julemessa på Betania bedehus i mange år. Dei er litt usikre, men søstrene trur dei har vore med i rundt 15–20 år, minst. I år som tidlegare år hadde dei to søstrene på over 90 år også tatt med seg heimelaga varer. I år hadde dei baka kake og i tillegg strikka sokkar og vottar. Ikkje nok med det, så hadde dei også tatt med seg små kattar som dei hadde strikka.

– Kona til generalsekretæren i misjonen har lært oss litt som vi har brukt på messa. Blant anna dei små kattane. Dei er enkle å lage, men veldig populære så det har gått mykje av dei, fortel dei.