Fylkestinget løyvde

15 millionar til marint forskingssenter i Måløy

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag å løyve 15 millionar kroner i støtte til realisering av et marint forskingssenter i Måløy.

Framme frå venstre: Fylkestingsrepresentant Frank Willy Djuvik (Frp), fylkesordførar Jenny Følling (Sp), Roger Bergset, dagleg leiar i Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter, Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy Vekst, og fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo.   Foto: Privat

Nyhende

–Vi er svært nøgde og vil rose fylkespolitikarane våre, som samrøystes har valt å støtte Måløy Marine Ressurssenter (MMR) med eit eingongsbeløp på 15 millionar kroner, seier Randi Humorstad, dagleg leiar i Måløy Vekst, og Roger Bergset, dagleg leiar Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter, i ei pressemelding.

Følgjer opp

–Fylkestinget følgjer med dette opp næringslivet sitt samla initiativ for å skape eit marint forskingssenter, og forme framtidas marine næringsliv i Sogn og Fjordane. Etableringa av MMR samsvarar godt med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin Verdiskapingsplan og strategisk plan for kysten, og dei nasjonale strategiar for satsingar på havnæringane. No kan vi gå i gang med å skape eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil skape mange attraktive arbeidsplassar, eit meir variert arbeidsliv og eit levedyktig samfunn på kysten. No har fylkestinget vist veg, og no håper vi også på stor støtte frå kommunar og lokale bankar, seier Randi Humorstad, og Roger Bergset i pressemeldinga.  

Samarbeid

Måløy Marine Ressurssenter (MMR) er eit samarbeid mellom marine bedrifter, Biovitenskaplig fakultet (BIOVIT) på Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU) og Måløy vidaregåande skule. MMR er eit praktisk eksempel på korleis næringsliv og akademia kan jobbe saman. Initiativet til denne etableringa kom frå næringslivet, som ser FoU som ein essensiell faktor for utvikling av bedrifter og samfunn på kysten. Dei marine bedriftene er store brukarar av FoU tenester.

–I dag må desse kjøpast utanfor vårt fylke, og det er et sterkt ønskje å kunne få kjøpe denne type tenester frå vår eigen region. Næringslivet ønskjer seg kostnadseffektiv og lokalstyrt forsking. På denne måten vil forskingsmidlane brukast lokalt med alt det generer av lokal verdiskapning, arbeidsplasser, kompetansebygging og knoppskyting. Dette krev at vi bygger et forskingsinstitutt som er av høg kvalitet i internasjonal målestokk, seier dei to i pressemeldinga og viser til at lokale næringsaktørar som Marine Harvest, Ervik Havfiske, Onshore Farming Solutions og Ecobait vil bli store brukarar av Måløy Marine Ressurssenter, og dermed bidra til å sikre inntektsgrunnlaget for senteret.

Stort marint forskingssenter

–Den næringsretta forskinga som allereie føregår i regionen skal bli del av eit større marint forskingssenter. Det lokale næringslivet har no tre doktorgradsstudentar frå NMBU og Norges Veterinærhøyskole, og enda fleire kan det bli. Regionen vil etter kvart kunne få eit stort student- og forskarmiljø som vil vise igjen i våre lokalsamfunn og bidra til lokal verdiskapning, seier Randi Humborstad  og Roger Bergset.