Fylkesordføraren Jenny Følling (Sp)

–Dei nye fylka må styrkast med oppgåver

–Vi skal halde fast på grunnprinsippa for vår vidaregåande skule inn i Vestland fylke.

Folkevald styring: –Vi treng eit sterkt og vitalt regionalt folkestyre. Ei så stor strukturendring må føre til at direktorat vert lagt ned og oppgåver vert flytta frå staten til folkevald styring, sa fylkesordførar Jenny Følling i sin tale til til fylkestinget sist tysdag.   Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyhende

Det sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i sin tale til fylkestinget i dag tysdag 4. desember.

Fylkesordføraren  peikte elles på at ein no går inn i det siste året i denne Fylkestingsperioden – og det siste året Sogn og Fjordane er eige fylke. Her finn du talen til fylkesordfæraren.

«Mange av oss synest det er vemodig. Mange av dykk har vore i tenkeboksen om de ynskjer å vere folkevalde i nye Vestland. Det er gledeleg å sjå at dyktige politikarar her i salen blir med vidare. Det vert viktig å ha ei hand på rattet når vi skal bygge nye Vestland fylke. Det vert vi som skal forme framtida.

Vi går inn i noko nytt, og då er det viktig å sjå moglegheitene. Sogn og Fjordane har mykje å spele på. Kva er Sogn og Fjordane sterke på? Jau, vi har vi eit innovativt næringsliv, vi har eit høgt nivå i dei i vidaregåande skulane, vi er sterke på kultur og har reiselivsprodukt i verdsklasse. Dette må vi bygge vidare på. Det er viktig å ha med seg næringslivet i den vidare kampen for Sogn og Fjordane. Ein viktig kamp vil stå om vegmilliardane til fylket. Rassikringspotten skal fyllast opp. Der er mykje ugjort. Vi har framleis eit stort etterslep på fylkesvegnettet.

Skal vi får dette til, må vi kjempe for det. Vi skal ha utbygd E39. Vi skal ha bygd Stadt Skipstunnel. Vi skal oppretthalde det høge nivået på dei vidaregåande skulane, og støtte vårt innovative næringsliv.

Brødrene Aa AS i Hyen er eit godt eksempel. Dei har bygt verdas fyrste hybridskip i karbon. Båten «Vision of the Fjords» skapte stor merksemd både i inn- og utland, og var verdskjend allereie før den var sjøsett.

Lerum har ein 100-årig tradisjon på saft og syltetøy. Dei er ei innovativ bedrift.. Det er sjeldan kost at det blir bygd fabrikkar i Noreg i dag – men Lerum har gjort det.

Lefdal Mine Datasenter er ei anna spenstig satsing. Dei har investert 250 millionar i dei nedlagde gruvene i Lefdal, og har skapt Norges største datasenteret.

Tibber, ei gründerbedrift i Førde, utfordrar tradisjonelle energileverandørar med enkel og smart teknologi både til kundane og for planeten vår.

Vi må gå inn i framtida saman med desse sterke bedriftene. Dei har vist at det er mogleg å få til det umoglege. Når desse får det til, så må også vi få det til. Dei er eit eksempel for alle oss andre. Vi har mykje å kjempe for.

Dei nye fylka må styrkast med oppgåver for å bli eit sterkt demokratisk nivå som har legitimitet. Dette er ei viktig kampsak.

Regjeringa har nyleg lagt fram oppgåvemeldinga. Eg er glad for at fylkesvegansvaret vert overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunen. Dette er viktig for at fylka skal verte ein fullverdig og god vegeigar. Det er positivt at regjeringa har landa nokre oppgåver, men det er for magert, og det er framleis mykje som er uavklara. Dette er ikkje godt nok. 

Det er på høg tid at statleg detaljstyring og silotenking blir erstatta av folkevald styring. Vi treng eit sterkt og vitalt regionalt folkestyre.  Ei så stor strukturendring må føre til at direktorat vert lagt ned og oppgåver vert flytta frå staten til folkevald styring.

Stortinget har tatt initiativet til regionreforma. Då må dei utstyre fylkeskommunane med nye, heilskaplege oppgåver og ei verktøykasse som stimulerer til å skape arbeidsplassar og busetjing i heile landet.

Vi må vite kva nye oppgåver fylka skal ha, for no skal vi bygge det nye vestlandsfylket. Vi skal peike ut kursen for framtida. Lage nye regionale planar for areal, transport, klima og miljø, kultur og verdiskaping. I vårt store geografiske fylke er det heilt nødvendig å utvikle levedyktige og attraktive lokalsamfunn, tettstader og byar. Vi må sjå busetjing, kommunikasjonar og næringsutvikling i samanheng. 

Det nye fylket vil ha eit regionalt og nasjonalt kraftsenter i Bergen. Det nye fylke vil også vere eit stort distriktsfylke med mindre byar – både i Sogn og Fjordane og Hordaland. I Vestland fylke vil over halvparten av befolkninga bu i distrikta. Vi har mange felles utfordringar; spreidd busetnad, lange avstandar, krevjande geografi og demografiske utfordringar. Å bygge saman fylket med veger, breiband, båt- og flyruter, og skape ein kulturell identitet vil verte avgjerande for å lukkast.

Begge fylka har stolte og sterke kulturtradisjonar. All kultur skjer lokalt. Kulturen må difor styrast lokal og regionalt. Kulturpolitikken er derimot prega av sterk sentralstyring og skeivfordeling av pengar. Fylkeskommunane kan overta fleire tunge kulturoppgåver. Det vil auke statusen og skjerpe det demokratiske nivået. Kulturmeldinga som nyleg kom inneheldt lite nytt. Det kan vi ikkje akseptere. Vi må kjempe for fleire kulturoppgåver.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har stått samla om å forhandle fram ein intensjonsplan med Hordaland. Det har vi gjort  for å ivareta Sogn og Fjordane sine interesser, dersom Stortinget vedtok samanslåing. Intensjonsplanen sikrar fylket viktige leiarposisjonar, funksjonar og at kraftverdiane i fylket kan bli viktige verkemiddel her  krafta vert produsert.

I denne tingseta skal vi handsame ei stor sak som vi har arbeidd lenge med, nemleg kva vi skal gjere med fylkeskommune sin eigarskap i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE). Det første, og kanskje viktigaste vegvalet er at; «Sogn og Fjordane fylkeskommune har til hensikt å overføre inntil 80 prosent av fylkeskommunen sine aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS til kommunane i Sogn og Fjordane, innanfor rammene av søksmålet mot BKK og innanfor rammene av ein rettskraftig dom i saka»

Bakgrunnen for denne saka ligg i fylkestinget sitt vedtak i desember 2016. Her bad fylkestinget fylkesrådmannen kome med forslag til korleis vi kan sikre at verdiane av fylkeskommunen sine aksjar i SFE vart verande i fylket. I arbeidet med denne saka har fylkeskommunen stått overfor eit grunnleggjande val: Anten overtek Vestland fylkeskommune eigarskapen til aksjane, og verdiane vert sikra gjennom fondsvedtekter. Eller så overfører vi aksjane våre i holdingselskapet heilt eller delvis til kommunane i dagens fylke.

Innanfor desse to hovudalternativa har vi vurdert fleire alternativ. For det første har vi vurdert å vere med på å etablere eit nytt felles produksjonsselskap – «Vestlandskraft DA». For det andre har vi vurdert å kjøpe BKK sine aksjar i SFE. Dette alternativet vert det framleis arbeidd med. For det tredje har vi vurdert å vere med på å opprette eit Sogn og Fjordane utviklingsfond. For det fjerde vurderer vi å endre vedtektene til Sogn og Fjordane Holding, slik at selskapet får som føremål å gje økonomisk støtte innanfor dagens fylkesgrenser. For det femte har vi vurdert å overføre ein del av aksjane i holdingsselskapet til kommunane i dagens fylke. Dette er hovudtilrådinga. Dette legg også til rette for at styra i SFE AS og Sunnfjord Energi AS kan gå vidare med sine fusjonsforhandlingar. 

Denne saka bør ikkje skape problem i forholdet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. For det første er det semje om at Sogn og Fjordane fylkesting kan avgjere eigarskapen i SFE – før 2020. For det andre er det utvilsamt slik at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha ein langt betre økonomi enn Hordaland enno. 

Samferdsle og kollektivtilbod betyr mykje for folk. Det er viktig for busetting, vekst og framkomst i det langstrakte fylket vårt. Fylkeskommunen har satsa på skyssordningar som TT-ordninga, serviceskyss, Trygt heim for ein 50-lapp og Lokale transporttilbod for ungdom (LTU). Denne satsinga blir lagt merke til. Det er gledeleg at fylkeskommunen vart tildelt «Kollektivprisen for 2018» for tilbodet «Lokaltransport for ungdom». Dette var ei fjør i hatten. I grunngjevinga si sa juryen at dei har lagt vekt på at vi rettar oss mot framtidas kollektivkundar. At det er genialt enkelt og har ei total involvering av brukarane. Konseptet er tilrettelagt for digitalisering. I framtida kan tilbodet vere kontinuerleg brukarstyrt gjennom teknologiske løysingar.

Sogn og Fjordane er eitt av dei mest ras-utsette fylka. Klimaendringane har ført til at det rasar oftare, og det rasar i område der det ikkje har gått ras tidlegare. Det registrert 280 skredpunkt på fylkesvegnettet, og det vil koste omlag 9 mrd. til å fjerne dei 123 farlegaste raspunkta. Vi har ein lang veg å gå, og vi er langt unna å ha rassikra vegane våre.

Vi må frå 2020 utarbeide ein felles plan for skredsikring på fylkesvegnettet i Vestland fylke. Totalt vil rassikring av fylkesvegane i det nye fylket kome på nærare 13 mrd. Rammene til skredsikring av riks- og fylkesvegnettet må difor aukast kraftig. 

Tunnelvedlikehald er ei anna stor utfordring. Vi har mange gamle tunnelar som treng oppgradering - både ut frå nye krav i forskrifter - og ut frå standard og tilstand. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegtunnelane våre er berekna til å vere mellom 2,5 og 3 mrd. Frå 2020 må fylkeskommunen måtte finansiere alt tunnelvedlikehald sjølv. Dette vil gå ut over anna vegvedlikehald,. Det same gjer dei store kostnadene vi får med ekstremvêr og flaum. Flaumen i november kosta fylket 100 millionar. Dette er heilt uhaldbart. Vi jobbar for at stortinget må finansiere både pålegga i tunnelforskrifta, og vi må få på plass ei naturskadeordning.

Eit område vi har satsa mykje på i mange år, er vidaregåande opplæring. Dette har gjeve gode resultat. Vi ligg i landstoppen med høg gjennomføring, gode eksamensresultat og lågt fråvær. I Sogn og Fjordane har vi mange som søkjer seg til yrkesfag. Dette er viktig for å rekruttere arbeidskraft til næringslivet. Arbeidet med å sjå opplæring i skule og i bedrift i samanheng, ser ut til å gi fleire lærekontraktar. Vi må jobbe målretta og godt for at vi i nye Vestland kan oppretthalde eit like godt skuletilbod, og at vi i framtida får like gode skuleresultat.

Vi skal halde fast på grunnprinsippa for vår vidaregåande skule inn i Vestland fylke. Elevar og lærlingar skal møte ei opplæring av høg kvalitet, og eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Vi er allereie det fylket som har flest hybelbuarar (25%). Å oppretthalde skulestrukturen difor viktig. Samstundes treng vi nok søkarar og lærlingplassar for å oppretthalde utdanningstilboda. Eg er viss på at alle meiner det er viktig å satse på ungdommane.  Dette er spesielt viktig i eit fylke som har utfordringar med aldrande befolkning og fråflytting.

Difor er det godt å sjå at vi får tilført ny aktivitet som vil gjere regionen vår meir attraktiv, og som bidreg til at fleire unge og lovande føretrekkjer å jobbe i fylket. Eg vil sitere Jan Olav Baarøy i NOREC; «Det største og beste som har skjedd Fredskorpset er at det har blitt flytta ut av Oslo.  Her er vi tett på næringslivet. I same andedrag la han til at det hadde vore lettare å rekruttere folk til NOREC enn å flytte familien frå Oslo. Det er noko til ettertanke!

Eit anna nyskapande prosjekt i fyket er «Nynorskhuset i Førde». Nynorskhuset har mål om å bli eit nasjonalt kraftsentrum for nynorsk språk og kultur, og skal romme eit mangfald av mediebedrifter og kulturinstitusjonar med det nynorske språket som felles overbygning. I Sogn og Fjordane finn vi det nynorske grunnfjellet. Nynorskhuset vil kunne bli ein smeltedigel der Sogn og Fjordane teater saman med NRK, NRK Nynorsk Mediesenter, Firda og Nynorsk avis-senter m fl. kan bli ei drivkraft, styrke det nynorske språket, og skape nye attraktive arbeidsplassar.

Sogn og Fjordane har også lange tradisjonar med å utvikle verdsleiande teknologi.  Hydrogenprosjektet har tatt denne tradisjonen eit steg lengre, og  tek oss inn i ei meir berekraftig framtid. Nyleg fekk Maritime Foreining ei stor anerkjenning og blei tatt opp i Innovasjon Norge sitt arenaprosjekt, og får støtte til å opprette næringsklynga Ocean Hyway Cluster.

I Sogndal blir etablert nasjonalt kunnskapssenter for klimatilpassing. Sogn og Fjordane har potensialet til å fungere som et ‘levande laboratorium’ for å synleggjere kva verknader klimaendringane har på natur og samfunn. Kva tiltak samfunnet kan sette i verk for å  møte klimaverknadene er viktig kunnskap.

Til slutt ei gladmelding. Førre veke vedtok styret i Helse Førde  utbygging av nye Førde sjukehus til 1,6 milliardar. Etter 40 års drift er det behov for utviding og modernisering Dette er viktige for moderne helseteneste til heile fylket, og det skapar lokale ringverknader. Dette er viktige satsingar i fyket.

Det er ikkje å godt å vite kva framtida i nye Vestland fylke bringar, men vi bestemmer sjølv kva posisjon vi vil ta i det nye fylket. Vi må stå samla fram med ei sterk og tydeleg stemme. Regionråda vil få ei viktigare rolle. Vi treng sterke samarbeidskonstellasjonar som kan stå opp for våre interesser. Samarbeide med næringslivet vi vere viktig. Dei har vist at det er mogleg å få til det umoglege. Det handlar om så sjå handlingsrommet, skape alliansar og ta dei rette kampane.»