Trafikkuhell på Haus

Naudetatane måte rykke ut etter ei trafikkuhell på Haus i Eid kommune rett før klokka 14.00 tysdag.

Politi og ambulanse måtte rykke ut etter trafikkuhell.   Foto: Arkiv

Nyhende

Ein bil skal ha køyrt i rekkverket på Nordfjordvegen. Airbagen vart utløyst, og sjåføren uttrykte at det var smerter i ryggen og hovudet etter ulykka. Ambulanse og politi var på staden, melder politiet på Twitter. Det er enno ikkje klart kva som er årsaka til at bilen køyrde i rekkverket.