Stor suksess for Jul i Stallen

Små og store strøymde til då Fjordane folkehøgskule arrangerte Jul i Stallen laurdag og søndag.
Nyhende

Ute regna det stort sett gjennom heile helga, men inne på Norsk Fjordhestsenter var det god julestemning med juledekorasjonar, juletre og julemusikk som elevar ved Nordfjord folkehøgskule hadde laga og sett opp. Folkehøgskulen arrangerte i helga julemarknaden Jul i Stallen for sjette året på rad, og hadde laga til kiosk, butikk og ulike aktivitetar som blant anna riding, hopping i høy, sirkusaktivitetar, vikingleir, eventyrlesing, smådyrshjørne og benkar for barn og føresette som trengde ei pause.