Skal ikkje drive Doktorgarden Selje

Tor Ivar Østreng og Tove Måløy kjem ikkje til å vere vertskap for Doktorgarden Selje neste år.

SLUTTAR: Tor Ivar Østreng og Tove Måløy skal ikkje drive Doktorgarden Selje neste år.  Foto: Ingebjørg Nilsen STokkenes

Nyhende

– Det er med vemod vi informerer om at vi ikkje skal drive Doktorgarden neste år. Etter lange og grundige vurderingar må vi erkjenne at drifta ikkje lar seg kombinere med dei andre jobbane vi har. Vi er veldig takknemlege for all støtte vi har fått frå bygda – det har vore til stor glede og motivasjon! Det har og vore ei sann glede å treffe så mange hyggelege tilreisande, uttrykkjer vertskapet på si facebookside.

Fleire uttrykkjer vemod for avgjerda. «God mat og fint vertskap som seljebygda vil sakne», er ein av kommentarane.

Det var i mai Østreng/Måløy overtok som vertskap på doktorgarden. Dei har drive Barmøy Gjestehus i ein årrekkje.