Selje tredje dårlegaste i landet – tilbod for barn

Samanlikna med alle kommunar i landet, kjem Selje på ein delt tredje botnplass når det gjeld grunnleggande tilbod til barn.

Dårleg kommuneøkonomi råkar ikkje minst barn og unge i Selje.  Foto: Arkiv

Nyhende

Dette viser ein ny rapport frå Unicef Norge. Der dei har samanlikna alle dei 422 kommunane i landet, basert på tal frå Kostra.

Her kjem Selje totalt på ein delt tredje botnplass. Berre Sokndal i Rogaland og Røyken i Buskerud kjem dårlegare ut.